Hopp til hovedinnhald

PC-ordninga 2012

Er du elev på vidaregåande skole i Møre og Romsdal må du bruke datamaskin. Bruk av digitale verktøy er ein av dei fem grunnleggande ferdighetene som er viktig for all læring i alle fag.

Det er kvar enkelt sitt ansvar å sørgje for å ha ein fungerande datamaskin tilgjengeleg heile tida på skolen.

Viktig melding! Les dette dokumentet før du tek kontakt for spørsmål. Kontaktinformasjon står nederst i artikkelen.

PC-ordninga 2012

Når du skal skaffe deg datamaskin kan du velje mellom to ordningar:

1.       PC frå Møre og Romsdal fylkeskommune

2.       Kjøpe/bruke eigen datamaskin

Om dei to ordningane:

Eiga datamaskin Fylkes-PC
Det kan vere lurt å ha ei datamaskin som minst støttar krava som gjeld for modellen til fylkes-PC-en (Krava finn du lenger ned i artikkelen under punkt 1). Du må søke om fylkes-PC innan fristen
Du må ha kjøpt ei datamaskin som er klar til bruk til skolestart. Du får PC-en ved skolestart frå skolen.
Du får “PC-stipend” frå fylkeskommunen på  2500,- kroner. Utbetaling i oktober. Du må betale 910,- kroner per år. Faktura sendt ut cirka 15.november.
Du kan søke om utstyrsstipend frå Lånekassen ( www.lanekassen.no ) Du kan søke om utstyrtsstipend frå Lånekassen ( www.lanekassen.no )
Du må sjølv halde deg med service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi tilrår at du har ei serviceavtale som dekkjer låne-maskin slik at du heile tida har tilgang til datamaskin. Du får service, vedlikehald og forsikring
  Du beheld PC-en når innbetalingane er gjort.

Har du fått stipend eller PC tidlegare kan du ikkje søkje på nytt.

PC frå Møre og Romsdal fylke

Her er ei oversikt over tekniske spesifikasjoner på fylkes-PCen:

Lenovo ThinkPad Edge E330

 

 

Skjerm 13.3 " HD skjerm med matt overflate (1366x768)
Vekt ca 1,8 kg
Størrelse 322mm x 288mm x 27mm
Farge Blå(artic blue)
CPU Intel Pentium B960
Grafikk Intel HD Graphics
OS Windows 7 Home Premium 64 
Minne 4GB DDR3 1600 Mhz (1 brikke, et ledig spor)
I/O VGA, HDMI 1.4, 2 USB 3.0, 1 USB 2.0 med strøm "alltid på" funksjon
Kommunikasjon Gigabit Ethernet, Bluetooth 4.0, ThinkPad bgn trådløst nettverkskort
Styreeining(mus) Trackpoint og Clickpad
Harddisk 320 GB 7200rpm harddisk
Audio Stereo høytalere med Dolby Advanced Audio v2, Dobbel mikrofon med støyreduksjonssystem, kombinert mikrofon/hodesett plugg
Kamera VGA eller 720P HD Webkamera
Spesielle krav

I nokre fag og utdanningsprogram (for eksempel Media og Kommunikasjon) kan det vere behov for ei datamaskin som kan behandle avanserte grafiske applikasjonar (for eksempel Adobe photoshop). Dersom du ønskjer å arbeide med slike program på di eiga maskin, set det ekstra krav til datamaskina.

NB! Det er viktig at du tek kontakt med skolen du skal gå på for å få meir informasjon om dette er aktuelt for ditt programval.

Her bestiller du fylkes-PC:

Bestillingsskjema PC-ordning 2012

  1. Fornavn*
  2. Etternavn*
  3. Mobiltlf.*
  4. Personnummer*Her er det svært viktig at du legg inn korrekt nummer. Det skal vere 11 siffer og det finn du t.d. på bankkort og liknande dokument.

Frist for å bestille er 20. juli 2012

 

Om bruken av digitale verktøy på skolane

Det trådlause nettet

For å bruke datamaskina på skolen, må du logge deg på det trådlause nettverket.Det er mange måtar å logge seg på trådlause nettverk, alt etter kva operativsystem og programvare som er installert på datamaskina di. Dei fleste maskinar søkjer opp trådlause nettverk av seg sjølve.

1.       Du må passe på at det trådlause nettverkskortet er slått på/ aktivert (på ein del maskiner er det ein brytar som slår på og av trådlaust nettverk).

2.       Ved aktivering finn du vanlegvis eit ikon nede i høgre hjørne. Dobbelklikk på dette.

3.       Du vil her få opp ei liste over dei trådlause nettverka maskina di har oppdaga.

Bruk av det trådlause nettet

Nettet på skolane skal brukast til læring i fag. Du skal unngå streaming av video og lyd og store nedlastingar for aktivitetar som ikkje er relatert til undervisninga. Det kan bli nødvendig å stenge for ein del tenester for streaming av innhald.

FEIDE

Møre og Romsdal fylke brukar FEIDE (Felles Elektronisk IDEntitet). Dette er ei innlogging som skal verne om identiteten din. Målet er at du kun skal skrive brukarnamn og passord ein gong for å kome inn på dei ulike systema (ungweb.no, Fronter, SkoleArena, Lokus osv).

Les også: http://ungweb.no/feide

 

 Første gong du loggar deg på:

1 Bruk “fellesbrukar” for å kome på det trådlause nettet Denne får du på skolen. Fellesbrukaren blir deaktivert cirka 15.september.
2 Gå på det trådlause nettet på skolen for å registrere Feide-brukaren din. https://brukerid.mrfylke.no Elevnummeret ditt får du utlevert ein av dei første dagane på skolen. Nummeret treng du for å registrere deg.

Gløymt passord

Dersom du har gløymt passordet på FEIDE-brukaren din, kan du gå inn på denne adressa:

http://ungweb.no/passord

 

 

Digitale tenester frå fylkeskommunen

Teneste Om Meir

UngWeb

 

Det første du får opp når du er pålogga nettverket til skolen, er nettsidene til UngWeb.

Målet med UngWeb er å gi deg som ungdom mer påverknad på det som skjer i samfunnet, men det gir deg også tilgang til ei rekkje tenester som du treng i undervisninga.

fana ”MIN SIDE” får du tilgang på dei digitale nettressursane til skolen. Her vil du få tilgang til alle elevtenestene dine, og også mykje anna informasjon.

http://ungweb.no

fana «MIN SKOLE» får du opp nettsida til skolen din, her ligg nyheiter om skolen, fagtilbodet, etc.

http://ungweb.no/minside

Fronter

 

Møre og Romsdal fylke brukar Fronter som læringsplattform (LMS).  

Ein LMS er både eit administrativt system for skolen og eit elektronisk læringssystem der lærarar og elevar kan organisere faga i ulike rom og mapper. I Fronter kan elevar og lærarar kommunisere med hjelp av chat, epost og forum.

http://ungweb.no/minside

SkoleArena

 

 

Elevar og lærarar har tilgang på til karakter-og fråverssystemet SkoleArena. Her fører alle lærarar fråveret ditt og karaktarane dine, og du kan sjølv melde fråver.

Du kan til ei kvar tid sjekke at det er rett ført. Vi rår deg til at du sjekker kvar gong du har vore borte frå skolen, slik at dette blir rett. Alle ordens- og åtferdsmerknader blir også ført her.

Foreldre/føresette har eiga pålogging.

http://ungweb.no/minside

 

Ordlister

 

Elevar og lærarar har tilgang på den digitale ordboka OrdnettPluss. Ordnett finn du på "MIN SIDE" på UngWeb. Vi rår deg til å laste ned Ordnett pluss . Då har du ordlista lokalt på PC-en, og er dermed ikkje avhengig av internett (f.eks på heildagsprøver).

NB! Har du Ordnett frå før må du avinstallere og installere den nye versjonen.

http://ungweb.no/ordnettpluss

LOKUS

 

Lokus er Aschehoug sin nettstad for den vidaregåande skolen. Nettstadane erstattar eller supplerer den tradisjonelle arbeidsboka/ oppgåve-samlinga.

Elevar og lærarar loggar seg på LOKUS med FEIDE-kontoen sin.

http://ungweb.no/minside

NDLA

 

www.ndla.no finn du gratis digitale læringsressursar i mange fag. NDLA tilbyr også fleire andre ressursar, for eksempel samskrivingsdokument og opplæring i korleis du lagar blogg, video, tankekart m.m.

Norsk Pluss for språklege minoritetar

 

Dette er digitale læremiddel for språklege minoritetar i vidaregåande opplæring.

Ta kontakt med faglæraren din om du har behov for dette.

http://ungweb.no/minside

Hjelpeprogram

 

Mange skular tilbyr gratis hjelpeprogram til PC for elevar med lese-eller skrivevanskar. Ver merksam på at ikkje alle hjelpeprogram støttar MAC.
Utskrift Fleire skolar har løysingar som gjer at du kan skrive ut frå di eiga maskin. Ta kontakt med skolen for detaljar.

E-post

 

Du kan bruke di eiga e-postadresse (hugs å opplyse om denne til skolen), men dersom du ikkje har frå før/ønskjer det, får du ei ungweb-adresse og kan lese e-posten din her: https://skolepost.mrfylke.no   (du må logge deg inn med FEIDEkontoen din). Du kan også lese denne eposten på mobiltelefonen din.

NB!Dersom du ikkje registrerer din private e-post hos skolen vil viktige e-postar bli sendt til ungweb-adressa di, så denne må du sjekke ofte.

I tillegg til å lese og sende e-post, kan du slå opp i ei felles adressebok som inneheld e-postadressene til alle elevar og lærarar i fylket. Denne epostadressa er sikra av spam- og virusvaskar til fylket.

https://skolepost.mrfylke.no/

 

Programvare

Møre og Romsdal fylke legg vekt på at det blir brukt fri programvare når det har ein funksjonalitet som er jamstelt med tilsvarande lisensiert programvare. Derfor skal følgjande program vere tilgjengeleg på datamaskina di:

Program Tilråing Kommentarar
Antivirus-program AVG eller Microsoft Security Essentials Pass på at det er oppdatert til ei kvar tid. Tilrår at du også har dataverktøy som “vaskar” maskina din for eventuelle spionprogram.
Nettlesar Internet Explorer og Mozilla Firefox Det er lurt å ha minst to om du har problem med å opne digitale ressursar.
Kontorstøtteprogram: tekstbehandlar, rekneark, presentasjon

Gratispakken OpenOffice org

Lesbare format:

  • ODT (OpenOffice) for redigerbare filer
  • DOC og DOCX (Microsoft Word) for redigerbare filer
  • PDF (Adobe Acrobat reader) for filer som ikkje skal redigerast vidare
Når du leverer skolearbeid på Fronter skal desse vere I eit lesbart format.
PDF-lesar Adobe Reader  
 

Samskrivingsprogram

Det finst også ei rekkje program på internett til tekstbehandling, rekneark, etc. Desse har også den eigenskapen at du kan dele dei med andre, slik at fleire kan skrive på samme dokument eller rekneark samtidig.

Eksempel på gratis samskrivingsprogram:

Gratis samskrivingsprogram: Presentasjonsprogram:
  • OpenOffice impress
 

Lagring av data

Du er sjølv ansvarleg for å lagre data som du treng i skolearbeidet ditt på ein trygg måte, og for at desse dataene er tilgjengelege når du treng dei.

Den vanlegaste måten å lagre data på er på den innebygde harddisken. Vi legg til rette for at du kan lagre mest mogleg på Internett. I tabellen under har vi lista opp fleire alternative muglegheiter for lagring.

Lagringsmedium Fordel Ulempe
Eigen harddisk Kan lagre mykje data, men må ha backup av viktige filer. Er bunden til ei maskin
Internett Kan lagrast som epost-vedlegg eller på tenester som adrive.com (max 50 gb). Her må du ha tilgang til internett ved bruk.
Ekstern harddisk Det finst eigne harddiskar som du kan kople til maskina via USB-inngangen. Desse har vanlegvis svært god kapasitet.  
Brenne cd Dette er primært ein grei måte å ta backup på rimeleg. Ikkje alle maskiner har eigen cd-brennar
Minnepenn (USB) Rimeleg og mobil. Er ein sikkerhetsrisiko når den blir brukt mellom fleire ulike pc-ar
Dropbox 2 GB gratis lagring på nett, du kan nå dropbox med alle pcar, mobil, ipad etc  
 

Ein katalog pr fag

Når du brukar datamaskina di til skolearbeid, er det viktig at du har eit system som gjer det lett å finne dokument og datafiler. Dette kan vere arbeidsteikningar eller ulike prosjekt/arbeid i faga dine.

På dei aller fleste datamaskinar er det ei mappe som heiter Dokumenter. Her bør du lagre alt skolearbeid. Lag mapper for kvart fag. Gi mappene dine namn slik at du lett ser kva som er i dei, f.eks ”Norsk” eller ”Naturfag”.

 

HJELP!

 

Hos dei IT-tilsette ved skolane kan du få hjelp med:

- installasjon av antivirusprogram,

- tilkopling til printarar,

- oppkopling til det trådlause nettverket

- andre problem du måtte ha med å bruke datamaskina på skolen mot skolen og fylket sine tenester

Har du privat pc kan du ikkje forvente hjelp til tekniske spørsmål frå skolens it-ressurs utover det som er nevnt over, men dei kan hjelpe deg om dei har ledig kapasitet. Du må sjølv bruke serviceavtalen du har med butikken og sende inn maskina. Hugs at du alltid må ha ei datamaskin til undervisninga, så serviceavtalen bør dekke låne-maskin.

Spørsmål om dagleg bruk:

Kontaktlærar eller avdelingsleiar kan ofte hjelpe deg.

 
 

Gode råd
  • Gå aldri frå maskina di utan tilsyn
  • Datamaskina bør låsast inn i skap i klasserommet ditt når du ikkje passar på den sjølv
  • Snakk med dei føresette om forsikring av utstyret ditt. Ved tjuveri er det di eiga forsikring som skal dekkje tapet
  • Pass godt på brukarnamnet og passordet ditt. Bruk trygge passord (minst 7 teikn)
  • Du kan bli ansvarleg for det andre gjer om dei får tilgang til brukaridentiteten din
 

Om bruk av datanettet til skolen

Du er pliktig til å sette deg inn i det som står om « IKT-reglement for elevar ved MRfylke sine vidaregåande skolar » og skolens eige reglement. Datamaskina er meint som eit verktøy som skal brukast til læring av fag. Utanomfagleg bruk i undervisningstida kan føre til at både du og medelevane dine ikkje lærer det de skal. Det er faglæraren og skolen som bestemmer når og til kva maskinene skal brukast.

Det er klare reglar for bruk av datanettet til skolen:

§ 6-1 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som strid mot opphavsretten etter åndsverklova.

§ 6-2 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar på måtar som krenker grenser for sømeleg og anstendig åtferd, eller som er krenkjande.

§ 6-3 Brukaren skal ikkje bruke digitale ressursar til å framsette truslar og hets, utøve mobbing eller opptre på rasistisk vis.

§ 6-4 Brukaren skal på elevnettet og Internett opptre ærleg, høfleg og vise respekt for andre personar sitt livssyn, nasjon og rase.

§ 6-5 Brukaren skal vere kritisk før eit epostvedlegg vert opna. frå ein sendar brukaren ikkje kjenner, eller med eit innhald som verkar useriøst eller uforståeleg. Sanksjoner

§ 7-1 IKT-reglementet er ein del av skolereglementet. For brukarar som bryt reglane i dette reglementet vil tiltak bli vurdert etter dei reglane som er fastsett i skolereglementet. I særlege tilhøve vil brot på reglementet kunne føre til erstatningsansvar og straffeansvar.

§ 7-2 For brukarar som bryt reglane i dette reglementet kan brukarkontoen bli sperra.

§ 7-3 Mistanke om lovbrot kan bli meldt til politiet.

§ 7-4 Alvorlege brot på dette reglementet skal rapporterast til skolen si leiing.

http://ungweb.no/iktreglement

 

Mobbing

Elevane og lærarane ved våre skolar skal ha ein trygg arbeidsplass. Det vil bli reagert strengt på mobbing i alle former, også på internett. Kontakt skoleleiinga om du opplever mobbing.

 

Kontaktinformasjon
Tekniske spørsmål Ta kontakt med leverandøren
Andre spørsmål Ta kontakt med den skolen du skal starte på eller bruk kommentarfeltet til denne saka her på Ungweb
 

Ønskjer du å ombestemme deg?

Bruk dette skjemaet:

Avbestilling av fylkes-PC 2012

  1. Fornavn*
  2. Etternavn*
  3. Mobiltlf.*
  4. Personnummer*Her er det svært viktig at du legg inn korrekt nummer. Det skal vere 11 siffer og det finn du t.d. på bankkort og liknande dokument.

Lykke til!